Brandasund.com

Landhandel

Til høgre og under er skjeret landhandel fra sjøsida og fra landsida. Det gule huset i forgrunnen er den gamle butikken til Nillo på skjeret, bevart slik den var på hennar tid. Til høgre ligg fiskemottak ,utleigebustader og feriehus. Det lyse huset til venstre inneheld ny butikk, dusj, toalett og vaskerom for båtturistar, samt utleigebustad øverst. Landhandelen har eit svært godt vareutval. Me kan tilby eit stort utval innan fiskeutstyr. Me har og bunkersstasjon med diesel, bensin, gass og smørolje. Over fiskmottaket har me 3 utleigebustader og feriehus tilpassa ulike behov. Me har 7 ulike båtar til utleige, samt kajakk, robåt og små seglebåtar.