Brandasund.com

Brandasund

Brandasund yttst ute i Selbjørnsfjorden og lengst nord på Bømlo er er sentrum i øyriket ut mot havet. Staden har vore busett frå steinalderen og var og ei velkjend hamn for Hansa skip på veg til Bergen. På Sjøfartsmuseet i Bergen heng eit hollandsk kart over staden frå 1624. Handel har alltid vore viktig for staden og er framleis viktig. I butikken vår finn sjøfarande det meste av det dei treng.

Karte

Service og open butikk har alltid vore varemerket for landhandelen som også er kjent som butikken til den legendariske Nillo på Skjeret. Øyriket byr på svært gode tilhøve for fiske mellom holmar og skjer, men og ute på dei mange fiskegrunnane ut mot Nordsjøen. På kartet kan du sjå fiskegrunnar frå Hökkelbåane i nord til Seiskallen og Videflua i sør. Alle fiskestadane er innafor ein halvtimes gange med motorbåt frå kaien vår på Skjeret.

Karte

Slåtterøy fyr er landemerket som er fiskemèd for mange av fiskegrunnane. Forholda ligg og godt til rette for dykking og andre aktivitetar knytt til havet. Kajakkpadling mellom holmane er ei naturoppleving du aldri vil gløyme. Mellom holmar og skjer finn du lune vikar og glatte svaberg der du til og med midt i ferietida kan vera heilt for deg sjølv. For dei som ynskjer å bada i litt varmare vatn er lagunen på Slottet det nermaste du kjem sydenstemning. I dette forrevne slipte granittlandskapet finn ein denne staden som er danna gjennom tusenårs bylgjeslag mot stein. Millionar av tonn med skjellsand som er samla mellom klippane etter å ha vortne mole av havet. Denne staden er ei naturperle som må opplevast og takast vare på.